tirsdag 31. mars 2009

Dylan...

..måtte berre, for ein som likar han so mykje som meg..kunne ikkje la vèr:



Må sei den likna litt mykje på The Wire sin intromusikk.....

mandag 30. mars 2009

From above...II

Etter å ha surfa på alle dei flotte innlegga i denne veka sitt mandagstema har ei meir og meir skremande kjensle av høgdeskrekk gripe tak i meg.

Og når ein set slik og kjenner på slike fobiar, kom eg på når eg sist fekk sett meg sjølv på prøve i ein slik samanheng. Helikopterturen i innlegget under var berre blåbær.....



I biletet her over er det no litt av kvart som kjem ovanfrå....;)

I fjor sommar var vi i Spania med svigers og fekk det for oss at ein tur til Gibraltar og prøve kike over til Afrika ville vere midt i blinken... Turen opp til utkikspunktet i ei godt brukt taubana, timen der oppe og turen ned att sat att i kroppen i fleire dagar. Eg var i kontstant angst og kvalmen kom og gjekk. Det var som å sitja oppå ei kula som balanserte på ein strikkepinn......





Aldri meir....og no såg me no heller til Afrika den dagen heller, disen låg tung over det ellers so berømte stredet.

From above...

Når eg tenkjer på ovenfra/from above kjem haugavis med assosiasjonar. Denne vekas mandagstema gjev rom for store tolkningar. Eg tenker på englar og demonar, sol, regn eller kanskje snjo slik som fall i natt...



Likavel fall eg ned på (tog du àn?) nokre realtivt dårlege bilder, reint fotografisk, frå ein blåtur me hadde her i dalen. Som overrasking kom det eit helikopter og let oss sjå heimstaden vår i fugleperspektiv. Heilt forferdeleg...og litt kjekt :) Med skjelvande hjarte og og ustødig hand tok eg eitpar bilder from above...

søndag 29. mars 2009

Når våren let vente på seg

Eg tok meg ein optimistisk tur på jakt etter vårteikn i dalen i dag. Desverre har dei siste vekene vore kalde og lite har skjedd, snjoklokkene stod og fraus og krokusen berre keik engsteleg opp av den kalde jorda. So i nauden fekk eg meg ein pinsekaktus å sjå på.



Som de kan sjå har eg forelska meg i nokre potter eg fann på Bo grønt senteret på Eikanger i Lindås. Noko med fargane (eller mangelen på :) og utrykket som passar godt til dei blomane eg likar. I fyljge mor mi skal denne pinsekaktusen vere relativt sjelden og ho fekk sin fyrste avleggjar ein gong på 70-talet frå ei anna kona i kvinneforeninga ho deltok i.



Eg les at Norske Interiørbloggar ryddar litt i medlemsbloggane sidan mengda medlemmar gjer det trangt om plassen. Eg kjenner stikk av dårleg samvit sida det er ei stund sidan eg har blogga om interiør konkret. Det vert mest bileter av blomar og meir kvardagslege tankar som sig ut om dagen.



Ikkje det, det fins mengder å ta tå i heimen. Må berre leggje ein god plan, ha tid og pengar og ikkje minst lysst. Eg drøyme om å kunne besøkje eit av alle loppemarknadane som er no for tida, men sidan eg ikkje likar å køyre aleine, og ingen vil vere med..(ikkje mange rundt her med slike fetisjar) vert det med draumane.



Men no må steikja i ovnen og dagens trening unnagjerast. God sundag til dykk alle!

fredag 27. mars 2009

Freddan...

So var det fredag att. Vekene flyg og livet flagrar forbi. Nokre gongar kastar eg meg på, andre gongar sit eg og ser på. Beggje deler er godt. Alt til si tid.



Eg vart litt bedotten sidan køen framfor stølshusa i sommar ser ut til å vente på seg. Eg som trudde slikt ville vere uimotståeleg for romantisk anlagte kvinner med 1900-talet som sjølvaste draumeepoken. Me kan sikkert skaffe tilvege eit par kyr og kanskje ei geit eller to, slik at det heile vert skikkeleg autentisk. Unge odelskara fins kanskje og, eller...dei dreg vel kanskje litt på åra etterkvart no?.... Tør ikkje tenkje på kor mange av dagdraumane mine i ungdommen som utspann seg på stølen....



Tidlegare i dag surfa eg litt rundt på bloggane dykkar og kom via mange avveier til ein blogg som fekk fram spesielle kjensle. Bloggen tillhøyre CHÂTEAU DE KONSTANSE som er ei av jentene i ein reportasje eg las i 2006 i VHI (trur artikkelen er å finne i bloggen) Eg hadde nett bygd hus og då eg las reportasjen forstod eg at eg hadde gjort alt feil. Ja, kanskje ikkje so gale, men alt eg såg der var so vakkert og stod mitt hjarta så nært utan at eg hadde tenkt på det før. Akkurat denne reportasjen opna augene mine for den franske landstilen, antikke og brukte møblar. Eg har alltid vore glad i gamle møblar, men her fekk eg sjå kor utruleg vakkert det går an å få det til når ein har litt peiling :) Ta dykk ein kikk, no har dei atter begynt å pusse opp eit gamalt hus.



Etter å ha lese meg gjennom heile bloggen hennar, starta eg å drøyme om eit gamalt hus å pusse opp. Ein ny draum eg skal kose meg lenge med...



Ja, ja..no er det freddan og snart Norge Rundt. Skal vist vere noko frå Eksingedalen der i dag, gode naboar må sjå til at sjåartala held seg oppe.

God helg!

torsdag 26. mars 2009

Sjarmerende ferieperler i Norge

Har kost meg lenge med LevLandlig sine reportasjer fra nydelege perler for ferielystne. For dei som vurderer Noreg som feriemål anbefalar eg å lese dette magsinet.

Likavel sakna eg eit feriemål av det romantiske slaget. Sjølvsagt eit her i Hakkadalen då og tenkte at eg kunne få presentere det for dykk. Om nokon likar stølsferie, å vandre i fjellet og oppleve Guds frie natur heilt inn i sjela, er dette midt i blinken!




I Hakkadalen finn de denne dame her, driven av ei triveleg dame frå Haugesund :) Her kan de både få guida turar, leige stølshus til overnatting og soppkurs på hausten.

Eg ville for alt i verda ikkje gje glipp av dette! Her er nokre bileter frå ein tur me hadde i fjor sommar. Turen opp til stølen er lett og fin for born og vaksne.



Og sidan påska står for døra og stølen er eit flott utgangspunkt for nydelege skiturar, har eg lånt to bileter frå Audun Eidsnes og Bjarte Nygard.

Kva ventar du på? Spring og ring! Telefon: 976 28 131 :)

onsdag 25. mars 2009

Hageutfordring

Det vert ikkje gjort mykje innomhus denne våren. Prosjekta som ventar får kvile litt i tenkjeboksen. Tankane no kretsar rundt uteromma. Huset vårt et relativt nytt og utearealet er uferdig og utfordrande.






Plenen er klar, eit og anna bedd er opparbeida, men mest av alt lever skogen og utmarka lika godt innom hagegrensene som utanfor. Store delar av hagen består av ei bratt li med bjørnebær, revebjøller og bjørk. Eg trur eg treng hjelp...og gode ideear vert tekne i mot med takk.

tirsdag 24. mars 2009

Fargelaust...

Eg likar lyse hus, avmålte fargar. Diskre fargenyansar. Eg nyt å sjå på bileter frå heimar i lys skandinavisk stil. Eg jakta på slike motiv i heimen i dag. Dei fins. Nokre.

Likavel er det som alt i meg gjer opprør og bileta eg henta ut frå minnekortet ein halv time seinare av alt anna enn duse og harmoniske.



Men slikt likar eg visst òg verkar det som, når Freud's ID får styra...eller mitt då sjølvsagt. Han sitt både ID og ego har vel vandra heden for nokre år sidan....

Våren pustar oss i nakken...

...

mandag 23. mars 2009

Når tala tel...

Mitt bidrag til Mandagstema som denne mandagen er Siffer/tall.



Biletet er teke på arbeid og er sjela til ei datamaskin. Dette er hovedkortet til maskina. Det må også nemnast at dette er ei gamal sjel og av den grunn avbilda etter nye kort gjorde henne overflødig. Kven kan då sei at alderdommen ikkje er vakker? Klikkar de på biletet vil de sjå nett kor mykje tala tel i denne dama.

søndag 22. mars 2009

Ta det med ro...

Eg ser no at livet vert fort fullt tå alt anna enn slikt som er interessant å skriva om på ein blogg. I alle fall består livet mitt av lite interiør for tida.



Eg sat med Vakre eit eller anna og rista på hovudet over det faktum at fyrst på side 31 eller noko i den duren kom ein artikkel...alt før det var annonser. Og eg kjende at eg gjespa...



So no tek eg det litt med ro..og ventar på påska trur eg....

torsdag 19. mars 2009

Draumesaum

....



Noko tå da kjekkaste eg veit er å sige rundt med vogna mi på Stoff og Stil...

onsdag 18. mars 2009

Versegod.....

Då eg var yngre tykte eg at dikta hans bestefar var litt "furubord"-aktige. (høyrt den før?:)Trauste, enkle og litt naive tekstar om livet og dei store ting.



Eg meinte også at slagord som "Smil til verda, og verda smilar tilbake" var bortimot da vetalausaste eg kunne høyra og uttrykk som "Posistive tankar, positive ord, og det positive gror" framskunda akutte brekningar. Sjølvsagt var verda mykje meir kynisk enn dette. Slike ord var pedagogane sin galskap sett i system. Eg held då fast på at den som venta på noko godt, venta forgjeves...

So vart eg litt eldre..og i fylgje vitskapen, litt mindre intelligent...og såg brått at godt avla godt. Og sjølv om utakk er verdas løn, kan gode ord og handlingar snu komplekse konfliktar. I allefall gje mange betre dagar. Difor deler eg i kveld med dykk besten sin ord.....


VER GOD





Ver god på livsens ferda
mot alle du møta vil.
Her nok er av vondt i verda -
so lite av godleiks-smil.

Ver god mot dei sjuke, arme, -
høyr kor dei klynkar og bed:
Gjev oss litt hjartevarme, -
det huggar og gjev litt fred.

Ver god imot dei som balar -
og slit i frå morgon til kveld.
Eit godord til hjarta talar -
og nører der kjærleikseld.



Om vondt dei mot deg vil føra -
om dei kje nett vil deg so vel -
eit godord vil alltid nøra
det beste i slik ei sjel.

Ver god om nok kan henda
so tidt att det kosta gjer
For hugs -det kan voner tenda -
og skapa ei betre verd.

Ja kunne me meira lysa
som stjerna på himlen om kveld, -
og djupt i vårt hjarte hysa
litt meir utav offereld.

B.A.

mandag 16. mars 2009

Fritid


Mandagstema i dag er F R I T I D. For meg er fritid so mangt, men dette biletet summerar opp mykje av det. Sol, sumar, vatn og det å klø seg litt på leggen...


søndag 15. mars 2009

Frøken Frø 2009

I årets Frøken Frø konkurranse var det mange frøknar som hadde lyst på nokre minuttar i spotlyset.

Slikt lys kjem godt med om dei ikkje skal verte altfor lange og slengete og ende opp med ein dundrande

vårdepresjon slik eit tå frøknena mine har, Frøken Vårslapp.

Her får de sjå litt av livet som fins i eit lite minidrivhus i kjøkenglaset her hjå oss. Nokre av kandidatane som kjempa om nominasjonen er bilete nr. 2: Frøken Vårslapp, Bilete 5: Frøken Eg-vil-vera-med, Frøknene Erteblom i bilete nr.6 , Shabby Chic-jentene på bilete nummer 8 og Frøknene Snakkesaleg på bilete nr. 9. Eg anbefalar å klikka på biletet og sjå dei i "close-up" :)





Dei som etter ein fest (den ser de verknaden på på frøknene Shabby Chic ) og ei kåring fekk vere med i konkurransen er to frøkner som eg ikkje klarte skilja. Dei er ikkje ekslusive, men trass alt, framleis ganske eksotiske:

Vår kandidat, frå drivhuset på kjøkenet - TADA! : Frøknene Solsikkefrø