lørdag 30. mai 2009

Helg ute og inne...

Inne...



Roser frå mor sitt drivhus, fresia fra Rema 1000 og syriner frå hagen......hennar mor. Då eg flytta hit fekk eg med meg ein syrin frå mor mi sin hage. Ein renning. Fyrste året knaska katten min (fred vere med han) heile syrinbuska ned til rota. Andra året åt hjorten den. I fjor kom den uten blom. Fyrst i år har eg blomar på den, seks i talet og for dyrebare til å plukke inn...

Ute...



..er det alltid noko å gjere...

Nyt Pinsa!

torsdag 28. mai 2009

Skytjer og andre små hus del 1.

Eg har ein agenda i sommar. Eg har tenkt å foreviga alle dei ulike små husa som dalen min vell øve med. På kvart ei jorde, bak kvar ei løe, finn du eit lite hus, ei skytje, et røykehus, ein utedo, ei markaløa eller berre rett og slett eit skur...Slik Miamore kjenner for dører, slik har eg det med alle desse små husa....



Fyrst ut er ei eller anna slags løe. Ho ser ikkje svært gamal ut, verken material eller bylgeblikktaket ber preg av hundrevis av år i Guds frie natur. Kvar gong eg ruslar forbi tenkjer eg alltid at inni gjøymer det seg sikkert ein eller anna rømling....Gjest Bårdsen foreksempel....




Her har det heilt klart gått heilt i hundane. Dette er ei gamal markaløe som ein eller anna stad vart overflødig og måtte sigle sin eigen sjø...



Sist men ikkje minst. Eit skur, eit lager eller ein verkstad. Heile denne garden er fråflytta og forlatt. Trist...

Forklaring: skytje (norr skytja; av *skot 4, òg truleg smh med *skukk)
1 - tilbygg
2 - lite, ringt hus

Som de ser er ei skytja eit lite uthus, ofte med skukk som er ein lem eller eit loft. Derav begrepet, skytjeskukken. I skytja oppbevarer ein som oftast ved....

onsdag 27. mai 2009

No må ingen halda pusten

i vente på snarleg giftarmål, det kan fort verte deira bane...



Fyrst må eg få takke for all omtanke og gode råd på forrige innlegg, da var ei sann gleda å lesa. Men som mange veit er da no ikkje nett å hoppa i ein kjole eller ein dress og sjå vakker ut. Uante antall kilo skal slankast vekk, bisepsar skal vekse, ølmagar (lurar litt på om fleirtalsforma kan gje feile assosiasjonar her?) skal bort osv.

Kan no ikkje ta for lett på giftarmål heller.... ein vil no sleppe å dekke til eventuelle foto fra senansen. Fotos som kan verte det einaste som skil eventyret frå katastofen, minnet ein ser tilbake på når ein seinare i livet fell for freistinga å evaluere prosjektet...


Nei, trur nok da è lurt å sova på det...litt tè...

tirsdag 26. mai 2009

Eg er litt uroleg



Da har seg no eingong slik at eg og han eg bur i lag med aldri heilt har kome oss te presten so da heite. Dette er noko avkommet er ganske fortvila øve, og eit tema som tidt og ofte vert teke opp over middagsbordet.



Og saka er også slik at det er ikkje viljen det har ste på, det er heilt klart evnen. Sikkert ikkje mange slike som meg der ute i blogglandia, men stort bryllup er ikkje mi greia. So ein startar ut smått. Mor og far og ungane. Ja forlovarar, må me vel ha og....og dei har kåne og kara...og so ho tante Bjørg som alltid har vore so greie med oss, og ja nokre vener skulle no ha vore med...osb. Før ein anar ordet av det er det vakse seg heilt ut av dimensjonar. Eg bleiknar med tanken på all organiseringa, mannen bleiknar med tanke på talen han trur han må halda...so søv me litt på da.



Slik går no dagan...og vips so er ungane vaksne og det neste vert vel dobbeltbrullaup med ein tå ungane, da skulle tatt seg ut, den overmodne svigermora som inni korsettet og hold-in strømpebuksene (dar praksisen alltid vise seg å vera at da som vert trykt inn ein stad, fort kjem utatt ein anna) fortvila prøve å skina om kapp med svigerdottra ....


So no tenkte eg at me kanskje fekk ta tyren ved horna og få da øvestått. Da e no ikkje slik at me ikkje vil ha kverandre heller. Eller, eg hadde tenkt at eg kanskje nett burde vera heilt sikkert. Ja, de veit, da e resten tå livet me snakka om..



Korleis vert ein no heilt sikker på slekt då? Ja, frå gamalt av har det vore sagt at Jonsokafta skal kvinnfolka plukka seg ein blomebukett av sju ulike somarblomar og leggja dei under puten. Om natta vil ho då drøyma om den utkåra. Og da hadde eg no nett tenkt å prøve...ja, nett fø å vera heilt sikker..



Men, so til da som gjer meg uroleg. Det er no i allefall øve tre veker til jonsok, eller sankthans som nokre seier, og jonsokblomen over alle blomer, Jonsokblomen ;) blomstrar no. Det same gjer ein anna midtsommarslager, nemleg Storknebben. Engene blømer i blomer som eg treng om tre veker, kva i all verda er att til den berømte natt....



Ser for meg at eg må plukke spansk magritt frå verandakassen, utblomstra løvetann og Digitalis purpurea frå vegkantane og ender opp med å drøyme om.......Blomster-Finn?

søndag 24. mai 2009

Vårstilla..

For fyrste gong på lenge fekk eg i dag tid til å lese dei siste innlegga til alle på bloggrollene mine. Ser at dei fleste brukar tida godt, langt unna blogglandia. Når sant skal seiast er det vel heilt naturleg...bokstavleg talt..;)

lørdag 23. mai 2009

Ikkje mykje nytt under sola..

Eg har fint lite å snakke om for tida. Ikkje kan eg skryte på meg at eg tenkjer desto meir. Det gjer eg diverre ikkje heller. Ganske nedslåande i grunnen, å endeleg ha nådd amøbestadiet etter 40 år i livets skule...skulle nok ha vald eit anna fordjupningsfag...hehe, nei no tippa da snart øve og metaforane heng knapt nok saman...som eg nemde på i fyrste linje...lika greit å halde munn...

Kos dykk heller med glimt frå hagen i dag....






Klikk gjerne på bileta for å sjå dei i full storleik....

torsdag 21. mai 2009

Liljekonvall og nellik

Ja, heilt tilfeldig havna dei i same vase. Eit meir umaka par kan du leita lenge etter. Liljekonvallen, den eksklusive men dog så giftige, frie og ranke maiblomen over alle. Nelliken, tja, kva skal ein sei?..ikkje akkurat "poppis" den for tida. Likavel i min bukett vart liljekonvallen bakteppet nelliken brillierte mot....utan samanlikningar forøvrig...;)

onsdag 20. mai 2009

Tulipantid

No blomstrar tulipanane mine. Eg kjøpte nokre nye i fjor som eg har vore spent på om kom oppatt i år. Det gjorde dei og flotte var dei...





..litt Forglemmegei har rota seg med her også...eg er så glad i den at eg let den vekse i bedda mine...uhemma.
Ynskjer dykk ein fin Himmelsprett...

mandag 18. mai 2009

Herlege forsommar...


Ingenting gjev meg fred og glede som det å få arbeide i hagen. Gå rundt og sjå på plantane som strekkjer seg mot sola. Sjå endringane dag for dag. Nyte stilla og livet....mmmm...

lørdag 16. mai 2009

17 mai

Lenge låg vel fedrelandet
under framand hand.
Bunde fast av trælebandet -
knytt kring dal og strand.
Såre lagnad folket kjende
i dei tunge år.
Men i folkesjela brende
bøn om fridoms vår.



Våren kom med fryd og fagnad,
ein mai-morgon blid.
Over Norges land det dagna -
atter vart me fri!
Difor elskar me og landet -
med fjord og fjell og strand.
Takkar Gud og dei som vann det
utor fiendhand.



Fritt er landet - våren strøymer,
kringom bygd og by.
Alt det såre no me gløymer, -
her me leva vil og yrke
trutt på kvar vår stad.
Og i skule, heim og kyrkje -
syngje våre kvad.



Ja me elskar fedrelandet
idag som aldri før.
Og me knyter broderbandet
og kvarandre spør:
Om påny vårt land vert herja -
av ei framand hand, -
vil du vera med å verja
dette fagre land? -



Svaret kjem frå tusund munnar -
kringom dal og strand.
Og frå inste hjertegrunnar
stig ein fridomsbrand.
Me vil vera med å tryggje
fred, og lukka sann.
Meir enn gjerne bu og byggje -
i vårt kjære land.
Bj. A
..og so må me berre gratulera Alexander Rybak med den store sigeren...;)

fredag 15. mai 2009

Om å sykla...

Når ein sykla te jobb, ei mil her og ei mil der. Då vert ein heilt utsleten. I allefall når ein har besøk og drikk vin i tillegg..kvar kveld..



So her kjem berre eit lite pust..frå meg. God helg :)

onsdag 13. mai 2009

Akkurat no




..er det godt å sitje ute og drikke kaffi....