lørdag 31. oktober 2009

Oktober rapsodi



fredag 30. oktober 2009

Framskritt



































No har eg laga store bilder, noko eg har ynskt lengje eg kunne gjere her i bloggen. Men no då eg får det eg ville ha, veit eg ikkje om eg ville ha det likavel. Stort vart verkeleg stort..eller kanskje eg berre er komen i den alderen då alt var mykje bedre før?

God helg!

onsdag 28. oktober 2009

Siste rose for i år...



tirsdag 27. oktober 2009

Bad, blott til lyst...

Då me bygde huset me no bur i var det ikkje etter lang planlegging og grundig ettertanke. I kommunen vår får du 250 000 kr når du har bygd deg eit hus, rett på konto. Og bur du der i fem år eller meir får du behalde pengane.



So huset vårt kom til omtrent slik: Ho: Dyr husaleige for å vere her på landsbygda. Han: Ja, skal me byggje hus i staden? Begge nikkar: Ja, dårleg økonomi å ikkje gjere det. Og så gjorde me det. Fort. Interiøret vart til litt etter kvart. Eg kjende til eit interiørblad og det var Bo Bedre, noko huset fekk fort erfare ;)

Badet var veldig dårleg planlagt. Ein dag eg sit på arbeid, kjem Mannen inn med mobilen på øyra og spør kvar eg skal ha vasken...og toalettet...og dusjen...og badekaret....me må bestemma oss der og då for røyrleggjaren stod i bygget og venta. Då vart det fingen i lufta...

So var det å finne rett møblering...



Og eg fann denne på nett og tykte den var utruleg flott. Fransk var den, heilt frå Paris (eller noko slikt:) kom den. Eg trur eg let meg lure av at den står der i skoddehavet med heile oceanet i panorama bak. Kan vel knapt seiast at den gjer det på badet vårt. Nei det vart fort litt meir trivielt der. Og verst av alt...den var i teak. Eg hadde tenkt eg skulle kjøpe den i wenge, men mista motet og valde teak. Skammar meg gjer eg og...



Ikkje fullt så visjonært i møte med oss og våre behov....kom liksom ned på jorda att fort. I tillegg var eine vasken allereie skada før byggearbeidarane forlet oss..

So no, 4 år etter innflytning pussar eg opp. Fyrst kjøpte eg nye speil frå Bohus, Nora, måtte male dei for dei hadde desverre feil farge...



Og i helga våga eg endeleg å gå laus på teakmonsteret.. og som mannen seier, det ser litt billeg ut etter malinga...men kva gjer no det så lenge me veit kva verdiar som skjular seg under...i allefall for indianarane og regnskogen.... Slik vart resultatet..






Betre enn før, og det er bra berre det....




mandag 26. oktober 2009

Te helga...kanskje

Ja i dag skulle eg få gjort så mykje. Eg skulle bruke alle dei flotte haustblada eg hadde plukka i går og lage ein krans. Eg skulle ta bilder i dagslys av baderomsomveltnaden som tok stad i helga...


I staden vart me sitjande i kø for å få den berømte sprøyta. Og takk og lov for det...

lørdag 24. oktober 2009

Endeleg sol...





I dag skin sola og minnar om alle vindaugene som skulle vore vaska, all komlevøffet som heng i kre og krokar speglar seg i lyset, støvet kastar skuggar bortøver golva...og eg elskar det!

fredag 23. oktober 2009

Når dagane går for fort...

Då har eg eit tips til dykk. Ta dykk ein slankekur og kjenn kor lang ein dag eigentleg kan vera....for ikkje å snakk om ei veke.


Det er knapt som om tida går. ...dagane som før flaug avgårde, sniglar seg no sakte fram frå måltid til måltid....eller mangelen på sådant....

onsdag 21. oktober 2009

Ein dag...





i oktober...då røyndommen innhenta meg og draumane om sjølvrensande einebustadar kvarv som is for sola. Etter veker på rakkadeis har eg begynt den lange ferda mot jul...