mandag 31. mai 2010

Haust?




I dag har eg hausta. Årets fyrste reddikar. Stille har dei ste i kassen sin og vakse seg store..eller pittelitt store, store nok til å etast :)

søndag 30. mai 2010

Rop på sommer'n så kommer'n




...er helt hås eg no, men endeleg i dag kom han. Somaren. Bileta er ikkje beste kvalitet, men inspirasjonen til å springe rundt med kamera fans ikkje i dag. I dag har det vore rumpa i været og nasen i blomsterbedda..... håpar berre veret held....


fredag 28. mai 2010

Trinn ein...

onsdag 26. mai 2010

Verdas beste te...

No må da seiast at eg ikkje er noko tedrikkar av rang. Faktisk ville eg vel vere heilt utan rang, hadde folk vist at mi meining om te generelt er at det er lunka vatn med tilsett lukt.




Grunnen til dette kan nok vere mange, men då eg gjekk på lærarhøgskulen var det veldig viktig å ikkje verte assosiert med "eple til læraren" jentene eller "dingle rundt på Haukeland og finne meg ein doktorgutt" jentene. Dei drakk te. Dei drakk te av blå keramikk. Dafø drakk eg kaffi. Litervis. No i ettertid trur eg da gjekk veldig bra med desse te-jentene, med legemannen sin og herskapsvillaen og hytta og landstedet...og...sukk...

Men nok om da. Ein te eg faktisk likar og som eg vil anbefala, kan du dyrka på terassen eller i hagen om du har. Kanskje helst i naboen sin hage om det går an...for den sprer seg fort og er veldig hardfør. Eg veit at enkelte stader er den bannlyst...

Du kan plukke og turka den. Eg har turka blader på store norgesglas til vinteren. Om sumaren plukkar eg den fersk og legg den rett i tevatnet. Og ja for dei som har oppdaga fluga på bladet...dei klarar ikkje meir enn noko og 50 grader, ved 80 er dei meir eller mindre vorte ein del av teen....:)

tirsdag 25. mai 2010

Godlukt

Dumt å la velduftande pinseliljene stå ute og fryse når me kan nyte dei inne. Dei fyller stova med dei herlegaste lukter...for dei som likar denslags. For nokre veit eg at det kan verte litt i meste laget. Eg er ikkje ei av dei :)

søndag 23. mai 2010

Sommaren i eit glas...

Fordelen med margarittar i potter på terassen, er kjensla av sumar berre du plukkar nokre få og set dei i eit glas på kjøkenbordet.



lørdag 22. mai 2010

Regn..

Gjev da ville regna litt so eg kunne fått vaska huset mitt. So eg kunne fått levert alle jobbane eg har lova. Gjev da ville regna litt so bankkortet mitt kunne få kvila frå masete betalingsterminalar i stressande hagesentre. Gjev da ville regna...men berre bittelitt...

torsdag 20. mai 2010

Pote



I dag sette dei pote heime. Me hjelpte te pittelitt...kanskje litt mindre enn pittelitt...likavel kjenne me da so om me og har vore med på våronna....

onsdag 19. mai 2010

Det vakraste som fins..

Vel no fins det mykje vakkert rundt om. Avkommet vårt reknar me kanskje som noko av det vakraste me veit, sjølv om læraren og eit par tre naboar kanskje vil vere usamde. Det fins mykje vakkert på innsio tå folk også. Men i dag var det naturleg vakkert eg hadde i tankane.

Naturen i mai. Uslåeleg og heilt ubetaleleg. Hadde meg ein sykkeltur nett før sola sette seg for kvelden og det var ikkje ende på nydelege panorama som openbera seg. Dumt eg ikkje hadde kamera med slik at eg kunne dele venskapen. De får nøya deko med nokre frå uteplassen i dag....



søndag 16. mai 2010

I morgon...

I dag har me feira litt på forskudd. Nett som med vetlajolafta har me rulla oss litt i god mat og godt stell, dagen før dagen. Eg vil ynskje dykk alle ein flott dag i morgon!





Mitt land


Eg elskar Noreg – mitt fagre land,
Med fjell og fjordar – dal og strand.
Til dette landet aldri kjærleiksbandet
Det brytast kan.

Eg elskar landet i vårens prakt.
Med blomeslør i naturens drakt.
Ja alt som ydder og gror og brydder
Fram i livets pakt.

Eg elskar fossen som diger fell
Og fuglesongen sitt toneveld.
Og bjølleklangen kring setervangen
Ein sommarkveld

Eg elskar heimen til far og mor.
Eg elskar folket kring dal og fjord.
Som trass strevet – so nøgd kan leve
Her i høge nord.

Eg elskar fridom på ættegrunn,
Og vil det verje med hand og munn
So langt eg kan det. Eg elskar landet
Til siste stund.

Bjarne Andås

lørdag 15. mai 2010

Tidleg morgon i mai

Tidleg morgon i mai før resten av huset har ste opp. Nysteikte vafla og kaffi. Den beste halvdelen søv ut den seine fredagskvelden i morgonsola på terassen. All mi hagefilosofering fell for døve øyre i dag.... Sveipar rundt meg med kameraet...de ser.. det eg ser...





Vert ikkje mykje betre enn dette. Og om nokon var i tvil so er denne hagebloggen offisielt opna for i år :)

torsdag 13. mai 2010

Forsmak på somaren...

I dag har me fuska litt og fått hjelp frå Belgia. Da versta va vel, at da ikkje va so verst.


mandag 10. mai 2010

La oss halde på den vårkjensla

..mens vinteren pustar oss svakt i nakken, vel vitande om at han har tapt for denne gongen.

søndag 9. mai 2010

Sundag kveld

Sundag kveld. På yr.no les eg om snjo og fare for glatte vegar. I morgon tidleg når eg hadde tenkt å sykle på jobb, skriv dei om minus 1 og regn....eg omset det til snjo. Og let att øyre og auge og let helga som har vore leike seg i minnet. Herleg forsmak på det som kjem.



..og snart er det 17.mai....

lørdag 8. mai 2010

Vårreingjering....

I dag har eg vaska huset, og då meiner eg vaska huset...utvendig. Frå møne til grunnmur. No skin det kvitt og reint, klart for varme sumardagar.



I same slengen pynta eg litt på terassen vel vitende om at det er meld snjo og minusgrader i morgon. Kven bryr seg vel når gradestokken kraup opp mot 20 pluss i dag....herleg!!!