fredag 30. juli 2010

Ynskje....

Då ei veninna av meg ringde mannen min for å høyre kva eg ynskte meg til jul hitt året, var svaret kort og godt; ny forsterkar i stova.



og no heilt utan å skjøna kvifor, ynskjer han seg meir av dette flotte Pipserviset... om du skulle kome til å spørje meg...



Eg som heilt har droppa å drikka kaffi av desse koppane. No er eg ein reformert bloggar som drikk Pukka-te frå Pip-koppar... og sneiar litt bortom lukka kvar dag...

torsdag 29. juli 2010

Sommarferie...


Dette såg roleg og fredeleg ut. Sanninga er nærare at farten er så stor at hatten flagrar....


Nedbørsrekord i Hakkadalen gjev eit fortrinn.... det vert so skrekkeleg grønt her... om ikkje anna..

mandag 26. juli 2010

Ein hagebloggar flyg i skumringen...




.....snart august og rosene er ikkje i full flor enno... Håpar dei får sine 15 minutt før hausten kjem....

fredag 23. juli 2010

No kjem sola..


(bildet er henta frå nettverda...)

onsdag 21. juli 2010

Syttitalet...


sette varige spor i oss som vaks opp på den tida....
Kjøkkenet fins faktisk i eit hus som er til salgs, så til alle dykk retrodamer, løp og kjøp!! :)

tirsdag 20. juli 2010

Ei magisk kanna..



Løye kor ei kanna frå Sverige kan få fleire te å lengta etter grøne enger... hjå meg har da starta med eit teppe...men eg kjenner på meg at det kjem til å verte meir....

mandag 19. juli 2010

Fjøra har landa....



Då var fjøra kome seg over Nordsjøen utan eit snev av oljesøl. Vakkert handverk av La Bohem.

fredag 16. juli 2010

Slengjen eller sprengjen..

To innlegg på ein dag er i hårdaste laget, men kunne ikkje dy meg for å dele ein kvilebukett eg henta inn frå den regnvåte hagen. Den er til å kvile augen på, og tanken litt også...



Vatn øve håve

Da skulle vera so lite. So lite at da nesten kunne kallast mikroskopisk. Da va eigentleg berre fø å få da øvestått. Men da har vokse seg stort og bale som ei tenåringskvisa. Ikkje da at omfanget i seg sjølv har vakse, men bekymringane har...



I dag tidleg mangla eg framleis alt. Aldri hadde eg trudd at slikt måtte førebuast årevis i førevegen. Eg har høyrt om det sjølvsagt, men eg trudde vel aldri heilt på det.

No veit eg det. At medan ei stakkars brur ventar på at brudestasen skal verte ferdig og levert, har draumemannen garantert reist sin veg. Ein erstatnings kar må steppa inn.. og det er no sikkert også grunnen til at brudesko i stor utstrekning er lange og spisse som spjot.......

Kva brur ville ikkje då tenkje på å tuppe både den eine og den andre...bokstavleg talt..



Draumeskoa øve her...var heilt uoppnåelege sidan dei fleste brudesalongar stengjer om sommaren??? og alle dei med flotte websider og flotte nettbutikkar ikkje har lært seg å bruke hverken telefon eller epost. I tillegg må dei lagast og handsyast av små flittige barnehender i eit elle anna fattig land.. før eg kan øydeleggje dei på ein blaut plen ein dag i august....


Hårpynten har nok dei norske tollarane stukke av med. Eg ser dei for meg der dei dilla og dolla seg mens dei reknar ut kva toll dei skal ileggje ein stakkar frå hakkadalen....


Blonden te kjolen har stranda i Oslo, har ikkje rikka seg ein meter på flerie veker...summa summarum har eg ingenting...


Får vel snurpa sama noko....som mannen i allefall kan lika?



Snakk om å ta seg vatn øve håve....og vatn ja, e da einaste me her på vestlandet er lova veke til endes....øve håve...

lørdag 3. juli 2010

Travle sumardagar..



Det går fort i svingane og det er ei stund att til me kan ta fri...men blomar gjev feriekjensle kvar dag...