onsdag 29. september 2010

...for glade menneskje...


Frostenetter...

Dei siste dagane har det vore kvitt på bakkane når morgonen kvarv. Dette er sjølvsagt ikkje bra for alle blomane som framleis har bidrege til ein fargerik haust. Men ingen kan sei at ikkje frosten er vakker også.




tirsdag 28. september 2010

Koseleg haust

No frys det om natta. Hausten pustar kald og klår luft over dalen. Kjekt syns eg. Eg likar hausttrendane med mjuke tepper og pelsen frå daude dyr... ;) Mjuke plagg og lune fargar, varme innomhus og frosten utanfor. Heilt nydeleg!



Desverre var sola borte då eg endeleg kom heim i dag så de får nøye dykk med støvlane mine i siste rest av dagslys.

søndag 26. september 2010

Septemberbukett




Med den vil eg ynskje alle ei god ny veke.

onsdag 22. september 2010

Håpet er lysegrønt II

I dag var det skrekkeleg skummelt å oppdage at det skumra klokka 17.00. Ikkje lenge til sola snur no, prøvde ein kollega å trøyste meg med....


Og ja ein kan velje å sjå det slik. Om 12 - 14 veker eller noko slikt går det atter mot vår!

mandag 20. september 2010

Takk!

Tusen takk, Sigrid for ei nydeleg gåve.




Ingenting er so kjekt som ei pakke i posten!

søndag 19. september 2010

Modelloppdrag og lesestoff

I dag fekk Frk. ZikkZakk vere modell i illustrasjonsfoto for haust. Hausten med det kjølege lyset og småfrostige lufta. Snart skal eg fyre i ovnen og trekkje meg ein kopp te. Og ikkje lese i interiørblada som ikkje har kome i posten.



Nokre andre som også opplever at blader ein abonnerer på.. ligg og smekta seg i butikkhyllene vekesvis før de får dei i posten?



Eg trudde at meininga med abonnement var at ein skulle få blada samtidig som dei kom i butikkane...? Kan det vere posten her i Hakkadalen?



Uansett var det vanskeleg å halde seg når eg såg dei liggje på rekkje og rad i butikkane i bydn... men dumt å kjøpe same bladet to gonger.. so eg får klare meg med Kommunal Rapport i kveld...GUBBEVREMEGVEL!

lørdag 18. september 2010

Alt kler den smukke...

Sjelden har eg sett ein styggare plante inneha hovedsete i einkvar bomsterbutikk eg har vore inni i dag. Og nett for å ha sagt det, det var ikkje få...



Felles for alle blomsterbutikkdamene (og ja, det var berre damer som ville selje blomar, ingen BlosterFinn å oppdrive her på Vestlandet) var at dei visste lite om den. Berre at den brått og uventa hadde vorte skikkeleg poppis på interiørfronten. Og som den slaven eg er, og nysgjerrigper :) måtte eg ha ein. Vakker er den ikkje, kanskje heller litt trist... og for å behalde dette litt forblåste uttrykket... var oppskrifta enkel. Lite mat, nett som andre modellar. Om eg steller den fint, som frittgåande høns, skal den vistnok verte litt friskare og grønare i skrotten.



.... om nokon lurar heiter planten "Zickzackstrauch" eller "Corokia cotoneaster" og er opprinneleg frå New Zealand. No stranda på ei kistebord i Hakkadalen. God helg!

torsdag 16. september 2010

Torsdag og regn..



No er verkeleg kvardagen komen tilbake. Arbeid og regn. Og er det ein og anna fin dag innimellom, får eg det ikkje med meg der eg sit på kontoret og stirrar inni berget utanfor vindauga. Haust og ruskavèr... HERLEG!

tirsdag 14. september 2010

Frk. Panikk

her kjem mitt bidrag til Frk. Høstblomst hjå Moseplassen. Eg trudde eg hadde all verdas tid...plutseleg er klokka 23.58 og Frk. Panikk vert kasta i manesjen.



Frk. Panikk er som eigaren ikkje pur ung. Litt tynt i toppen og aldringsteikna har sett sine spor. Framleis litt vakker, og litt skremande. Ei peonvalmue på hell. Om ho er ein favoritt? Eg har so mange, men ho er klårt ein av dei.

mandag 13. september 2010

Kaosteori....



"I 1975 kom en fransk matematiker og forsker ved navn Benoit Mandelbrot med en ny måte å gjøre geometriske beregninger på. Han matet datamaskinen med fraktaler, tallrekker med nærmest uendelig mange kombinasjoner (som på sin måte simulerer et kaos). "



"Fraktale figurer viser at det finnes et mønster i kaoset.
De geometriske figurene som dannet seg hadde en overraskende helhetlig orden. Dette forbauset tilhengerne av kaosteori, og de var ikke sene om å adoptere funnene til å gjelde kaosteorien.
"



"En tolkning av disse funnene er at kaos fører til orden over tid. Selv om kaos forplanter seg og ekspanderer, vil et kaos med stort nok innhold gjøre at det dannes et helhetlig mønster i kaoset."

...Say no more! Det er berre å ha nok rot og nok tid, so går da seg tè!

søndag 12. september 2010

Litt hjelp?

Eg ynskjer meg noko so voldsomt desse glasa, lilla eller vanlege, men finn ingen oppegåande norske butikkar, hverken på landjorda eller på internetten som forhandlar dette merket. Dyrt nok som det er frå før, vert det urealistisk med tanke på frakt og toll..


Sjå meir her!

Nokon som har sett dei ein eller anna stad? Nokon som veit noko som eg ikkje veit? Noko som kan hjelpe?

Nokre kjekke damer eller menn med nettbutikk som likar det dei ser? Kanskje verte forhandlar? Eg vert garantert din fyrste kunde! :)

lørdag 11. september 2010

Planar for vinteren...

I dag kom hausten til oss også. Med hausten kom planane for vinteren. Eg kjenner meg voldsomt rik når eg tenkjer på alle dei lange mørke dagane som ligg og ventar, fulle av utfordrande oppgåver...for den som vil.



Det herlege er at høvene er so mange. Eg kan utdanne meg meir. Eg kan lære meg å fotografere og redigere, sånn skikkeleg. Eg kan lære meg å sy noko vakkert og "veti". Eg kunne lært meg fransk.... hadde eg likt franskmenn. Eg kan pusse opp eller ned heile andre etasje. Einaste aberet er at når dagane kjem, er dei allereie okkuperte av herlege kvardagssysler som fyller dei heilt til randen...

.. og det er rikdom det!

fredag 10. september 2010

God helg godtfolk!


onsdag 8. september 2010

Godt nytt

I dag fekk me godt nytt på arbeid. Me nådde eit mål me hadde arbeidd mot. Mange seige timar har vorten lagt ned og i dag fekk me lønn for strevet. Det viser at det nyttar å prøve, sjølv om det nokre gonger kan virke langt fram.



Eg feirar med blomar frå hagen...som vanleg :)