tirsdag 31. mai 2011

Fø da om da fins...

 
 

..so treng du ikkje eta da! I dag har eg laga mitt eige motto for sommarens dekkomleggjing. For som de veit, dei som slit med bilringar, balar også med omleggjinga til sommardekk....

mandag 30. mai 2011

Blåmandag..

Kanskje ikkje heilt, men har heilt klart hatt friskare måndagar. Flott helg i Køben kjem jo ikkje heilt gratis :)
..uansett..var ikkje dette ein herleg blåfarge? Har ikkje mindre enn to veninner som ville heim og male i veg. Det kallar eg inspirasjon :)



Her finn de meir frå The Royal Cafe in Copenagen

God ny veke!

fredag 27. mai 2011

Tusen takk!

For nominasjonen hjå dei flotte NIB-jentene til årets " InteriørBloggeOscars" på Glansdagane i Oslo  (sei i frå om eg er heilt på jordet ?)



Det kom heilt overraskande og kjennes ganske ufortent. Eg er veldig glad, og veldig takknemlig for å få vere her i denne "verda" og ikkje minst, å verte kjend med nye folk på ein kanskje litt uvanleg måte. Eg set uendeleg pris på deko som les og kommenterer hjå meg og kosar meg verre når eg loffar rundt i dette riket og ser kva de driv på med om dagane. Alle fine ord som de har lagt att i komentarfeltet her, er forsiktig plassert nært bringa og bidreg dagleg til ein kjekkare kvardag!

No tek eg meg ein svipptur til Køben for å ete bringebær med Uni-gjengen :)

God helg!!!!

torsdag 26. mai 2011

Skogsblomen..



Ein fin liten blome i skogen eg ser,
i granskogen diger og dryg,
og vent mellom mose og lyng han seg ter.
Han står der så liten og blyg.



Sei, ottast du ikkje i skogen stå gøymd
der skuggane tyngja deg må?
Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd,
til ringaste blom vil han sjå.




Men ynskjer du ikkje i prydhagen stå,
der folk kunne skoda på deg?
Å nei, eg trivst best mellom ringe og små,
eg føddest til skogblome, eg.

onsdag 25. mai 2011

ARrrrrgh!

Eg får ikkje kommentert i blogglandet lengre. Nokre gonger smett ein og anna kommentar inn, men dei fleste ender med ein evig runddans mellom pålogging og publisering. Når kommentaren er klar til publisering, vert eg beden om å logge meg på. Eg loggar meg på, kjem til bake til kommentaren, trykkjer publiser og får beskjed om.... å logge meg på...og slik går no dagane....

  

Nokon som har hatt same problemet og kan hjelpe meg på rett veg? Er det eit Blogger problem som kjem og går?

Skogens syrin...

...
Nesten like vakker og, etter mi meining, ei enda betre duft. Ulempa med denne vakre skogsplanten er hangen til å huse tusen lus. Det er grunnen til at den aldri kjem innomhus, men må stå ute og pynte sjølvaste skogen.

 
Heggen er eit flott tre som blomstrar
nydeleg her på denne tida. Eg
hugsar godt som unge då me
smaka heggbæra for fyrste og
sansynlegvis siste gong.
So bitre at tunga forsvann.

Heggen er ikkje som hyllen,
egna til alskens lekkerbisker,
einaste trøyst er at dei frå gamalt
meinte at heggekvistar skulle kunne
beskytte mot hekser, tjuvar og torevêr.

So då står den der, buketten,
ute i regnet og vernar heimen.

tirsdag 24. mai 2011

Ei mager trøyst...

Akkurat i dag kunne eg tenkt meg å vore ei mager trøyst eller spikaren i suppa. Mykje heller det enn å vere andre bollar og smør på flesk... Eit øyeblikk har ein det som plommen i egget, i neste vert det fort for mykje av det gode...

 

..her illustrert med andre bollar...

søndag 22. mai 2011

Kjekt fylgje...

Eg vil gjerne få helse velkommen alle fylgjarane mine. Eg er glad og overraska over at de snart nærmar dykk 300 stk. Med tanke på at vi her i kommunen tel 370 innbyggjarane, so kan de vel forstå at det er for meg eit stooort tal :) Velkomne skal de vera og håpar det vil hengja med vidare også!!!



Bildet illusterer drivhusdraumen som enno lever.... og er like langt unna oppfylling som sist....

lørdag 21. mai 2011

Why worry..

There should be sunshine after rain....


So då er det ingenting å bekymre seg over.. då...... dette drittværet kjem til å ta slutt ein gong... berre ikkje så langt fram som yr.no kan sjå... eit par veker eller so...



..so me får krølla oss godt opp inne, i sofaen, og ynskje god laurdagskveld til alle opp der...

onsdag 18. mai 2011

Male hus...

I dag har eg sete ute og høyrt på den fantastiske fuglesongen for så å gå innatt for å fyre i ovnen. Brrrr.
Uansett, eit stort prosjekt står framfor oss. Male huset. Kanskje like greit at det skal rigna ei veke og litt til..



Og fargen... kvit eller...rosa med grøne prikkar? Hadde vore veldig kjekt, ei lita stund.... Rart det med husfargar, når ein kjøre rundt i dette langstrakte land, finn ein fargar og kombinasjonar som speglar bebuarane. Kvifor vel me den fargen på huset me vel? Kva avgjorde ditt val?

tirsdag 17. mai 2011

Til ungdommen...



I dag vil eg leggje ut ein favorittekst som i aller høgste grad er aktuell ein slik dag, og som fort kan verte gløymd i ei slik tid...



Med mange pølser og mykje is, fylgjer stort ansvar :)

Her finn de teksten på norsk og engelsk

mandag 16. mai 2011

No har me vaska golve...

..og me har stryke kle...



..so no gjenstår berre ein ting...



Ynskje alle ein feinade flott 17. mai i morgon!

søndag 15. mai 2011

Den veien høna sparka..

Sikkert mange med meg har ikkje sett beina innandørs den siste tida. Ja, ikkje dei skikkelege husmødrene, men slike som eg som ikkje treng rare unskyldningen for å la husarbeidet segle sin eigen sjø.


Ingen treng be meg to gonger for å legge inn nokre ekstra timer i hagen. Men inne liknar det snart på ein svinesti. Hadde resten av sumaren vore full av solskinnsdagar veit eg ikkje korleis det skulle gå. Men i dag kom (heldigvis) gråvèret og det er ingen veg utanom. Og kanskje når verste skiten er borte, vågar eg ta eit innandørs interiørbilete att... :)
God sundag!

lørdag 14. mai 2011

Å Vestland, Vestland...


God laurdagskveld!

fredag 13. mai 2011

Om å falla...

i god jord.



Det er mykje ein tenkjer på når ein fer ute og rotar i molda. I dag kom eg til å tenkje på utrykket å falla i god jord. Eg har merka meg at ting eg stundom seier seier.. ikkje fell i so altfor god jord. At dei fell på steinbunn i grunn, for å omskriva eit anna utrykk.



Men kva er det då som gjer at ord ikkje fell i god jord? Og kva er no eigentleg god jord? Kva er mest avgjerande, jorda eller orda som fell?



I hagen må me passa på å ha god jord til plantane våre. Skulle eg sei noko om kva god jord er, ville eg sagt at den var næringsrik og porøs. Litt som i livet. At sinna som tek i mot orda bør vere kloke, fleksible og villige.



Slik kunne eg fare fram og sagt at jord som er hard, sandhaldig og mager er dårleg plantejord, som og i livet...



Men nei, til betre kjend eg vert med hagen, te meir forstår eg at god jord for ein plante ikkje naudsynt er det for ein anna. Nokre blomar må ha det ganske så trasig reint jordmessig sett for å bløme vakkert, medan andre må stå te knes i kukompost for i det heile å vurdere å setje ein knopp eller to.



Og i livet?.... tja, fell ikkje ord i god jord, so haustar ein vel som ein sår...og då vert det fort eit magert år?..noko som igjen kanskje er grunnen til at graset fort vert grønare på andre sida av gjerdet...men då er me fort over på eit heilt anna tema.. :)

God helg!

onsdag 11. mai 2011

Uteplassar...


Det er kjekt å ha forskjellige uteplassar slik at ein kan bevege seg med sola, rundt om i hagen. I år har me førebels flytta det kvite møbelsettet på den nyeaste terassen. Eit sett eg hadde ynskt meg lenge og som me i fjor kjøpte inn. Likavel sa mannen kort og godt. "Me flyttar den utatt på plenen. Det er kanskje fint å sjå på, men heilt forferdeleg å sitja i" Det kunne få stå på plenen og pena seg altso.



Han har desverre litt rett, og der eg syns det estetiska er det viktigaste, vel han heilt klart komfort. Og ja takk seier eg, om ein kan få begge deler. Nokon som har ei sitjegruppe i hagen som klarer begge kriteria? (..og ikkje altfor dyr..)

tirsdag 10. mai 2011

Kvile..



Det beste med hagen er kvila den gjev...



Mykje betre enn den eg finn i ei seng...

mandag 9. mai 2011

Redigeringsinnstillingar..

Har skifta til den nye redigeringsinnstillinga, men tykkjer bilda vert så forferdeleg forringa i kvaliteten.



Berre innbilling, eller har andre liknande erfaringar? Er det berre Exploderen som roter det til? Brukar alle bloggdamer med respekt for seg sjølv, Mac og Safari?

Nokon som nokre gode råd for best mogeleg bilderesultat på bloggen?

søndag 8. mai 2011

Kom mai du skjønne milde....





Bordet stod der og sola skein. Kva anna kan ein gjere enn lage seg ein liten fest?





Coopen har forsynt oss med fargerike muffinsformer og raud saft, vetlo har pynta med døsforakt og naturen spela på lag i dag også med sol, kvitveis, magritter og irrgrøn nysprungen skog. Vert ikkje betre!

Ynskjer alle ein herleg sundag!