søndag 31. juli 2011

Ei velsigna helg...



..der forrige helg var med oss kvart minutt....gleda og sorga....livet og dauden...
Det er der livet er...

fredag 29. juli 2011

Det er utruleg..

..kor langt ein klarar å strekkja seg..


når sjølvaste sola er målet...




Ynskjer dykk alle ei fredfull helg!

Kattevakt...

I natt måtte eg opp før fuglane hadde gjort sitt fornøyelege, for å redde ein liten kanin frå kattas klør.
 

..og eg som trudde våkenettene var over....

torsdag 28. juli 2011

Hausting...



Sommaren er på hell, og det gode med det er fruktene me kan hauste av den. Blåbær, bringebær, jordbær..sopp... Reint bortsett frå det burde det vore mykje meir sommar enn det har vore i år..

onsdag 27. juli 2011

Kvardagsnatur...






..til å kvile seg i det også...

tirsdag 26. juli 2011

Sorg er...



Sorg er kjærlighetens pris.

Nils Bredesen

mandag 25. juli 2011

..vakum...

Desse dagane er tid for stilla, men aldri har eg kjend større behov for å snakke enn no. Ikkje at eg skal gjere det likevel. Sigrid hadde eit innlegg for ikkje so lenge sidan, der ho minna oss på kor lenge ein time kunne vere for dei som lid og har det vondt, og kor viktig det er for oss andre å bruke den klokt. Visare kan eg ikkje sei noko som helst.



..og så burde me kanskje bruke denne viktige teksten meir forebyggjande, enn berre til fest og i etterpåklokskapens lys...



...så vil eg avslutte med å sei kor imponert eg er over dei ungdommane som har levd helvetet på Utøya og som i pressa etterpå har svara med verdiane dei alltid har stått for; likskap, felleskap og omsorg for alle. Dei har vist at dei klara halda fast ved dei då alt so grusomt vart sett på prøve og det verkeleg gjaldt.

søndag 24. juli 2011

Ingen lett dag...



å feire bursdag, sjølv om livet går sakte vidare...

fredag 22. juli 2011

Da er so sørgeleg trist...

..da so hendte i Oslo i dag. Tankane går til dei råka av tragedien..

Jordbær...

For meg er jordbær og kanskje markjordbær symbolet på sjølvaste sommaren. Akkurat no, uansett vèr er det verkeleg sumar ute. Ta av deg skoa og kom deg ut, spring i graset, rull deg i det og sjå på skyene sin veg over himlen i allefall i 10 min..




..og regnar det for mykje..ta deg ein morgondusj i friskt sommarregn...

torsdag 21. juli 2011

Sommarkos...

Me kan ikkje berre ha det kjekt, me må ha da litt gøy og.....

 

Driv og rotar litt med bloggen som de ser. Prøver å få plass til to bilder i stort format, og ikkje måtte komprimera dei til middels som før. Bilda mine er som vanleg klikkbare slik at dei kan sjåast i stort format.

I dag er det markjordbær frå vegakanten som får pryda bloggen.

onsdag 20. juli 2011

Hjarter...

Her skjer det lite for tida. Eg malar og malar...og sender kadl'n på IKEA. Nokre gonger kunne eg tenkt meg å sendt han på eit handelsag for flottare saker, men IKEA er no ikkje å kimsa tå da heller. Så i dag vert det ein ny pauseblome på dykk...

tirsdag 19. juli 2011

Over og ut....


Nokre dagar kjenner eg meg både overmoden og utgått på dato. Kjensla av å vere overgått, oversett og overkjørt vekslar med opplevinga av å vere utsliten, utbretta og utestengd.


...men for alt i verda, la det bli mellom oss... ;)

mandag 18. juli 2011

God mandag...



Fyrste dag på jobb etter ferien og guri malla kor tungt det er... ute er det enno sumar...

søndag 17. juli 2011

Fin ferie...