fredag 30. september 2011

Fredagsbukett...

Asters er ikkje ein blome å kimse tå. Luftig og vakker ein fredag i september.

   

God helg!

torsdag 29. september 2011

Flaggermuslett..

Flaggermuslett
syg dagen seg
fast i håret mitt.



Men eg gjeng med natta likevel,
gjeng med bekkar og elver,
leitar mot havsens djup.



Og kleda mine,
språka,
tek eg aldri av,



dei vernar meg mot,
kulda frå Seinen
under Pont Neuf.



Anemone Latzina - Dagboknotatar

onsdag 28. september 2011

Ikkje Noregs vakraste heim...

...ei heller månadens interiørbloggar i Bolig Pluss.........


   

Her går det kort sagt den vegen høna sparka................

tirsdag 27. september 2011

For ei suppa....

Suppa er kjapp å lage.

 


1 stk hakka lauk
1 båt hakka kvitlauk
1 ss raps, soya eller solsikkeolje til steiking
500 g (over)modne tomater
1 stk hønse eller grønnsaksbuljong
5 dl vatn
1 dl matfløyte
salt og pepar
2 egg

Fres lauk og kvitlauk i olje. Ha i tomatar, buljongterningar og vatn. Kok opp og la blandinga småkoka 5-6minutter. Ha suppa over i ein blendar og kjør til ei jevn suppa. Ha suppa tilbake i ei panna og ha på matfløyte. Kok opp og smak til med salt og pepar.
Kok egg. Skrell og del i båtar.
Server suppa med båtar av kokt egg. Grovt brød er fint som tilbehør.
(Suppa er meir mager enn smellgod, men ein fin lunch for damer som vil halde linja...:)

 

På hell...

Året er heilt klart på hell. Hageblomane har gitt seg for i år. Me satsar på at dei kjem sterkt att til neste år.



Tomatar frå mor sine drivhus. Vert nok ei heimalaga tomatsuppe av dei i dag.



No får ein vel starte å planleggje jula tenkjer eg....;)

mandag 26. september 2011

Straumutkobling...

Godt med ein halv times straumutkobling. Meldinga frå det lokale kraftlaget vart teken godt i mot. Me fekk senka farten og tenna i lys.

 
 

Då var det ikkje berre straumen som vart kobla ut....

søndag 25. september 2011

Førebuing til fest....

Tenk at eg måtte verta øve førti år før eg forstod kor lett det kunne vera å setje ned lauk om hausten.

 
 

I alle desse åra eg har sett ned lauk, har eg sett på " løkjern" i butikkane og tenkt at det var ein særdeles unyttig og til dels uforståeleg reiskap. Grave kunne eg no gjere med ei hagespade like lett. Noko som har resultert i at mine lauk, grunna mykje sand og stein i jorda, har velta seg rundt i overflata og frøse seg til daude i løpet av vinteren. I år kjøpte eg meg eit løkjern for å sjå om det faktisk kunne vere te nytte og har bittert innsett at eg har kjefta og sukka heilt unødvendig alle tidlegare år.

  

So enkelt og so lett. No er vårfesten i boks!

God sundag!

lørdag 24. september 2011

Laurdag

Laurdagar skal eg gjere tusen ting....



Laurdagar gjer eg omtrent ingen ting...

God helg!

torsdag 22. september 2011

Den som heng i ein tråd...



Nokre dagar kan det vera godt å få litt hjelp til å halde seg oppreist..............

onsdag 21. september 2011

Dyr og natur i interiøret..



..hjå oss, også kalt Labben...

tirsdag 20. september 2011

Less is less...





No er det lite fargar å finne i hagen. I helga fann eg berre denne sesongforvirra riddersporen der han stod og fraus i vinden. Og sjølvsagt fekk han komme inn....

mandag 19. september 2011

Frå eigen hage...

Å nyta hausten er å nyta litt av alt den har å by på.

 
 

Som dei tidlegare omtala brombæra. Desse er plukka i hagen. Kjekt når ein finn bjørnebær i eigen hage. Ikkje fullt så kjekt når ein eller fleire av ungane har vasa seg inn i riset, men kva ofrar ein ikkje for saftig bakst.. :)
God mondag!

søndag 18. september 2011

Hausthage..

Da e travelt å ha fri. Denne vakre (les opplett og sol) helga her i vest måtte desverre brukast til å rydde sommaren bort. Det fraus natt etter natt og alle dei store blomane i potter og korger måtte samlast under tak. Hagemøblane måtte ta til takke med lagerplass i garasjen. So fort var det gjort, so fort var sommaren over...

   
      
   

Så får me håpa hausten vert laaaaaaang og vakker!