fredag 31. august 2012

Bringebæreddik



Då eg såg oppskrifta til Mat på bordet på bringebæreddik tenkte eg at dette var noko for meg. Ein ny smak eg enno ikkje hadde kjent. Så eg gav meg i kast med det og eg må sei, eg vart overhode ikkje skuffa. Ein utruleg god smak. Eg kunne drukke den rein sjølv om den kanskje passar best til dessertar, salatar og sausar..



Har du bær og har du tid så anbefalar eg deg å prøve, du vert ikkje skuffa

torsdag 30. august 2012

Rognebærgelè




Mi oppskrift er litt slik på slump. Eg tek nokre nevar med rogenbær, la oss sei fire-fem fulle. Frys dei ei natt. Legg dei i ei gryta og tilset 1 eple, 1 kanelstang, 1vaniljestang og ca 2 -3 dl vatn
Kokar dette til bæra fell saman og silar av i klede.
Tilset litt mindre enn halvparten sukker som saft og kokar dette opp i ei gryte. Skum av og kok til safta består geleprøven. Hell på nykokte glas.  Denne oppskrifta vil berre gje nokre dl med gelè.

Rognebærgelè er godt til vilt og i sausar. Men slik som denne, med kanel og vanilje, gjer seg også veldig godt til ost.




onsdag 29. august 2012

TTT

I dag hadde eg fått meg føre å gå gjennom all dei mange hundre glansa magasina som ligg og flyt rundtomkring her i huset. Samla utklippa eg likte og ville ta vare på, og hive resten. Eg opna eit blad og såg rett på ei brødoppskrift. Med spelt. Heilt tilfeldig hadde eg kjøpt litt speltmjøl hin dagen, so då va da no berre å setja i gong.


Eg hadde sjølvsagt ikkje tilgang til so flotte saker som durumkveite og havsalt, so litt inprovisert vart det. Det nærmaste eg kom havsalt var den store påsen me kjøpe te å strø ute med om vinteren ( kan no vera da kjem frå havet da og) og det sikta kveitemjølet fekk vera durumkveite og. Sjølvsagt smaka brøda like godt og eg skjønar at det kan ta si tid å kome gjennom alle magasina....

..og som det kjem fram av teksten, so er detta innlegget er ikkje sponsa av nåken kommerse krefte, og i alle fall ikkje av den stakkars Coopen, sjølv om eg kjenne nåken som har jobba dar...


tirsdag 28. august 2012

Solbadarar



mandag 27. august 2012

Høgt heng dei, og sure er dei


Rognebærgelè undervegs... rognebæra må berre ha ei frostenatt på baken fyrst. Det får dei no...
i  frysaren min...

søndag 26. august 2012

Sopp og bær

I dag har vore ein slik fin seinsommardag, der eg har hatt tid til både gå i skogen etter sopp og langs ferdavegen etter ville bær.


Ein slik rikdom kan ikkje målast i pengar. Ein herleg dag for heile meg, og for flåtten og då sjølvsagt. Da va so gale at då eg tok av meg buska for å hive den i vask rett etter turen for å kvitte meg med uanska blindpassasjera, datt det til og med ut eit heller vakse eksemplar av ein hestamaur...



Da var ikkje rart med etandes sopp i skogen. Ametystsoppen bør ein ikkje setja til livs om ein har det kjært, men trompeten var eit etterlengta syn må veta. For dei som plukkar sopp veit at det er ein smakfull liten snack.....so eg helsar deg velkomen sopptember!

lørdag 25. august 2012

..bursdag...





Da è ikkje alltid lett å lage til når bursdagsbarnet har forelska seg i nokre servietta og coopen sitt utval av tallerka ikkje heilt står i stil. Då må me opp med  greengatefata av gamal årgang. Passa nesten, og da e meir enn godt nok. Verre è da når ein ikkje kan laga dei etterspurde risbollane fordi coopen meina at delfiafett ikkje har "sesong" i august. Vart passe irritert då fann da ut i går, men burde vel vore takknemleg for at nærbutikkjen passar på at me ikkje et slikt i tide og utide. Da får halda med jula og ferdig med da!

(eg hadde no då sjølvsagt ei kjekk tanta som hadde nåke slikt liggjande i kjøleskåpet i tilfelle krig, så risbollar vart det)

Da vart mykje mat som vanleg her i huset. Ungane trilla bosktavleg talt heimatt. Kjekke ungar forresten...





...da e heilt klart håp for framtida!

torsdag 23. august 2012

Haust


Sjølv om me enno skriv sommarmånad, har eg litt kjensla av haust. Har vore i skogen etter sopp og skal snart lage rognebærgelè.... hadde det ikkje vore for at den kalde store vinteren låg bak hjørna og venta...hadde hausten vore min favorittmånad beint...

onsdag 22. august 2012

Stova

..litt slik "between seasons"...

 

 

 

...med kleshengarar i taket, gummisko, skulesekkar og nyinnkjøpt ullundertøy frå coopen...heklateppet på stolen er nyarva gods. Handlaga og heilt nydeleg!

Gla`mor

..litt kjekt da og...

 


..på landsbygda...


tirsdag 21. august 2012

Blå(lilla) blomkål..

Då eg var heimom på garden i forgårs fekk eg for fyrste gong sjå denne blomkålvarianten. Den er utruleg vakker og får meg til å smile. Smaken er og fortreffeleg. Så i går laga me blomkålsuppe med blålilla blomkål.





Bileta yter ikkje suppa rettferd. Den vart god og ikkje minst utruleg dekorativ med sine blålilla blomkålbukettar. Sjølve suppa kokte eg på kvit blomkål for ellers hadde suppa og vore lilla.

Litt bacon lyfter smaken til nye høgder...

mandag 20. august 2012

August


søndag 19. august 2012

..nyte..



..nokre gonger må ein berre ta sundag og nyte hagens fryd...