torsdag 31. januar 2013

S O L


I dag kom sola for fyrste gong dette året. Den har nok skine litt før, men her har tunge skyer stoppa all solfest. Men i dag kom ho, svak bak ei sløra sky, gul og vinterbleik. Skulle ikkje tru at noko slikt skulle kunne gjere meg so glad. Og i morgon er det jobb igjen. Då er alt godt.

onsdag 30. januar 2013

Iris


“If you want something new, you have to stop doing something old”

Peter F. Drucker

tirsdag 29. januar 2013

Lukka


Nokre gonger er da ikkje lika lett. Som i dag med bilder. Det var som om nokon hadde skrudd av lyset, bokstavleg talt og i overført tydning. Hverken sol, dagslys eller inspirasjon var å sjå nokon stad. Eg trur at alle desse einsomme, halvinvalide dagane rett og slett har skrudd ut pæra i mitt mentale tak. Har mista gnisten, rett og slett. Gler meg til jobb om nokre få dagar :D

Som de ser har eg snopa meg litt vårløkplantar. Var til storbyen i går og kunne ikkje gå forbi dei lokkande pottene. Då eg spurde dama bak skranken om ho ikkje vart lukkeleg av å jobbe der, i den fantastiske blomsterbutikken som til og med hadde avskorne blømande syriner i går... vart ho forvirra og flakkande i blikket. Så eg trur kanskje ikkje det, men eg trur nok at eg hadde vore det...

mandag 28. januar 2013

Status quo

 

Ikkje so mykje nytt under den enno ikkje igjenkomne sola. Tidleg vinter er ventetid. Venting på sol, kapital og energi. Kanskje lurt å liggje litt i dvale før våren kjem, for då er det ikkje måte på planar og idear som sprett fram for både ute og inne. Når ein er stranda i eige hus som eg er  no, så er det no ikkje så mykje ein kan får gjort likavel. Eit par nettbutikka har no fått kjørt seg litt :D, men ellers er det stilla som rår.....litt til...

..og sjølvsagt etter å ha lest litt om kva som kjenneteiknar gode bloggar, som at ein bør ha noko veti å skriva om og at trenden no er enorme bilder på lang lang rekkje kan me vel konkludere med at våren min bør nok koma relativt snart :D

søndag 27. januar 2013

Etterjulsstemning



lørdag 26. januar 2013

Ein vakker vinterdag


I dag har da snjoa friskt. Stille og vakkert. Samstundes lengtar vi etter nytt liv under isen. Tulipanar er vakrare i januar enn til jul spør du meg, der dei kviskrar lett at det går mot lysare tider...




Helg

 

Då va blomane i hus, no gjenstår "berre" laurdagsvasken...

fredag 25. januar 2013

Papirprest


Det er ikkje å kome forbi pompommanien som herjar rundt om kring på bloggane. Eg syns dei er heilt nydelege, spesielt dei i florlett papir. Slikt får ein ikkje tak i her, om ein vil eingong, likavel vart eg litt inspirert til papirarbeid. I dag har eg snurra papirprestekragar. Trur kanskje ikkje eg skal kommentera dei så mykje meir sidan eg er litt usikker på om eg likar dei eller ikkje. Kanskje om eg lagar ein heil bukett? :D

 

Silkepapir, litt blomsterstreng, litt gult stoff og noko å fylle knoppen med. Blomsterpinnar passar til stilk, og utover det er det berre fantasien ( og i mitt tilfelle, pølsefingrane) som set grenser.

Fin fredag folkens!

torsdag 24. januar 2013

Eg fann litt sumar

 

på disken min. Driv og flyttar til ny maskin og nede i ei mappa fann eg sjølvaste sommaren.

onsdag 23. januar 2013

Da går'kje so fort


Framgongen med armen er litt seigare enn eg håpa den skulle vere, so eg må ta da litt med ro.  Men i dag møttes eg og sola på halvvegen. Eg gjekk litt opp, og ho kom litt ned...

tirsdag 22. januar 2013

Vintersong



Atter ein gong syng det vinter.
Jorda er klaka og kald.
Atter rår stormharde netter -
alt er i vinterens vald.
No kan han herja og tyne -
seinvår han spottande spår.
Det er som mest han vil syne -
no er det vinteren som rår.


Snøen kring fjellrader blenkjer.
Lyser som kvitaste lin.
Ofte ein undrande tenkjer:
jau, vinteren kan og vera fin.
Når stjernor på himmelen skjelver -
og månessølv glitrar i lid -
og over det heile seg kvelver -
ein himmel so blå og so blid.


Natura ho dormerande drøymer -
sveipt inn i vinterens famn.
Aldri - nei aldri ho gløymer
våren sitt solvarme namn.
For våren - ho veit han er livet,
og livet er solfest og song.
I veksande vona ho leve -
livet skal sigra ein gong.






Vona om vårblomen blenkjer -
tvert gjennom kulde og snjo.
Gjer at me hugvarme tenkjer:
Sola stig høgare no.
Snart ho om fjellryggen rundar -
strålane stova vår når.
Atter det tryllande under:
Snart ber det fram mot ein vår.




Lat berre vinteren syne
makta si enno ei tid.
Snart vil han skjelvande skyne -
han kjempar den fåfengde strid.
Livet det alltid vil vinne.
Snart er det sola som rår.
Strålar so varme og linne -
tryllar nok fram att ein vår.

Bjarne Andås

Litt liv i kulden


Deler nokre blomebilder med dykk i dag. Som de veit er eg veldig glad i slikt og det står gjerne ein bukett på  kvart eit bord. Dei er ikkje fargemessig avstemd eller i noko system, dei er berre levande og vakre..
Fin tirsdag til dykk alle.

 



mandag 21. januar 2013

Kokekroken


 

I kampen mot rotet har eg flytta ein kaotisk post- og rekningoppsamlarstad til ei kokebokutstilling. Det var herleg å få fram alle dei fine kokebøkene som også set ein god stemning her på kjøkkenet.
Kjenner eg får meir lyst å lage mat berre av å sjå på dei.

<

Typisk før- og etterbilde. Så får me berre håpe at rotet held seg borte for godt :D

Andre bollar



I dag var eg treg i avtrekkaren og opplevde å browse instagram berre for å innsjå at folk hadde pynta seg, drukke kaffi og til og med baka kake timasvis før eg reis opp. I måro får da verta andre bollar tenkjer eg...

søndag 20. januar 2013

Fytti katta!


Det fyrste katten vår gjorde i dag va å forlyste seg med litt pipfilet. Eg har sikra fuglematen betre og håpar fuggelane kan tilgje meg for denne dramatiske starten på sundagen og fortsetja å komme på besøk.
Ellers so har ein gamal følgjar funne meg att, og eg henne. Blueberry kjem frå Ukraina (trur eg) og tek dei mest fantstiske bilete. Ta deko gjerne ein sundagstur dit.

lørdag 19. januar 2013

Stille laurdag


Alle er oppteke med sitt, og eg sit no her...og har ein herleg, stille laurdag.

fredag 18. januar 2013

TV-stova


NIB utfordrar oss på TV-sona i heimen. Her foregår all TV-sjåing i 2 etg.

 

Mannen vil ha nyare og større TV, sjølvsagt, men la oss vera ærlege, dette rommet kler ikkje noko større TV er eg redd. Ikkje det, for få år sidan var denne TV-en enorm....men so e no eg ofseleg gamal og, syns da ikkje è lenge sidan eg hadde svart/kvitt-tv som måtte varmast opp ein halv time før bildet slutta å rulla..


og eg har tid å blogge i veg..for no legg ungane beslag på herligheita...