torsdag 30. januar 2014

Applaus


Det er ikkje alltid lett å forstå kvifor ein bloggar, men kanskje innerst inne er det eit udekka behov for applaus? Problemet oppstår når ein ikkje har noko bra å by på men likavel har vorten van til applausen.


Eg har funne ut at det er best å roe litt ned, både på blogg og andre sosiale tilbakemeldigavhengigheitsskapande  media som fb og insta heilt til eg har noko meir vetig å komma med. 
I allefall til eg klarar å produsere nye bilder med det nye kameraet mitt og ikkje by på tusen kaffikoppar eller  grave i gamle mapper etter noko brukandes...



Nåken vil forstå kva eg skriv her, og nåken vil ta det heilt feil.
Nåken vil forstå at slikt tilbakemeldingsbehov, det har vi alle, sjølv om vi inners inne kanskje ikkje  vil innrømma da og da gjer seg utslag på mange måtar..
andre vil ta dette som ei verifisering på at eg svart på kvitt har innrøma min eigen stormannsgalskap...
...dei om da..:D


søndag 26. januar 2014

Tulipantid


Eg elskar tulipanar
Denne tida er det mykje tulipanar å finne i blomebutikkane
Alle dei flotte fargane og med si stille kviskring om vår
får rett og slett ikkje nok av dei
God ny veke!

fredag 24. januar 2014

Helg

 

I helga som kjem skal eg utfordre meg sjølv langt utover det eg er komfortabel med
Om alt går etter planen ligg ein kostymefest framfor meg
o skrekk!
God helg til dykk med :D

torsdag 23. januar 2014

Suppehue


Berre litt gjennbruk av bilder i dag


onsdag 22. januar 2014

Nøysemd


Tenkte eigentleg at dette innlegget skulle vere om gjennbruk
men kom brått på at det kanskje ikkje ka kallast det denne gongen


Eg fekk to sekkar gamle stoff og klede som var lagra på ein gamal gard
ein kjekk og god nabo hadde arva
ja ho hadde arva garden
og sekkane med


Sekkane var gamle og lukta ikkje akkurat friskt men oppi fann eg små skattar
Som desse kjøkkenhandkleda
Eller det var ikkje det då, det var eit par tre meter med stoff
perfekt til kjøkkenhandkle, serviettar og klutar
mjukt og sterk på ein gong
syg vatn som ein svamp


og utsjånaden kan vel kanskje ikkje verte meir tradisjonell
Eg laga meg store kjøkkenhandklede og
vakre stoffserviettar
..sjølvsagt etter kokvask med Durance lavendel :D
ikkje akkurat gjennbruk, 
men for meg iallefall
heilt kostnadsfritt!


tirsdag 21. januar 2014

Blanda drops


Lenge mellom innlegga om dagen. No kan det sjå ut som om eg har brukt heile veka som gjekk til å fullføre lestaprosjektet mitt, men dei gjekk det faktisk heller kjapt å strikke.
Saka er vel heller so enkel som at ...blanda med mykje å gjere.. så manglar eg den gode ideen til kva eg skal blogge om
men ver ikkje redd
eg kjem nok plutseleg på noko :D


søndag 19. januar 2014

Cooptulipanane


 

syng på sista verset
kanskje då dei er på det vakraste
godt å tenkje på for oss som ikkje er
nyutsprotne lenger:D
Ynskjer dykk ei god ny veke!


onsdag 15. januar 2014

Mindfulness?



Då eg var liten var det ikkje noko kjekt å få heimaspøta sokka te jul eller ellers. Dei klødde, såg heimalaga ut og tanken på gråmala tregolv og lakka tråppe saman med glatte ullsokka får meg framleis te å ta meg te bakhåve. 
Nokre bestemødre og grandtante sukra pillen med ein sjokolade eller nokre krone inni sokkane og gjorde skuffelsen litt mindre.
No har det seg slik at sjokolade og krone har ungane mine nok tå. No vil dei  ha heimaspøta sokka. De kan tru eg vart overraska då leveransen av heimaspøta sokka frå mor mi ikkje kom fram denne jula av plausible grunna, og jentungen såg sorgtungt på meg og sa at då måtte eg rett og slett strikka eit par til henne.



No er eg inga strikkedama og i allefall ikkje sokkestrikkedama. For da fysta so er eg ei hastig sjel og slit med å få spøta te å sjå fine ut. For da andra lika eg ikkje å gjera da sama to gonga...
Men når ungane ber så fer mor på Coopen og kjøpe garn. Sidan eg allereie har opp te fleire "doktorgrada" og eit par "svennebrev" frå internetten, googla eg berre "strikkasokka" og landa hjå Petunia som hadde ei super oppskrift med bilder og kloke ord slik at tilogmed eg fekk til å strikka hel..

So i dag har eg stikka og sanneleg er det mykje mindfulness i det å sitja med eit spøt.
Det vart kanskje ikkje so fint, men eg har forstått at i motsetning te då eg vaks opp, så skal ikkje alt no for tida sjå ferdigkjøpt ut......det skal sjå ut som om da nettopp e laga heima....

mandag 13. januar 2014

Kreativitet


Kreativitet er å finne opp, å eksperimentere, å vokse, ta sjanser, bryte regler, gjøre feil og ha det gøy.
Mary Lou Cook

Ser at eg kanskje må komma meg opp or sofaen før kreativiteten kan ta tak og bre om seg...


Highpassfuggelen




Kjørte filteret på fuglar og fuggelmat. Funka det også.







søndag 12. januar 2014

Ein lære so lenge ein leve


I går lærte eg meg å bruke High-passfilter på bilder
Dette var ein tildlegare for meg ukjend metode for enkel manipulering av foto
Det skal vere brukt ein del i reklamebilder men me finn da ellers og i ein del glansa blad
...også i interiørblad
enkelte interiørbloggarar har også denne type bilder som varemerke


Metoden er enkel og kan gjerast i gratisprogrammet GIMP 
Det er nok ikkje alle type bilder dette vert so fint på, men enkelte fargar og overflater tek seg godt ut, som feks naturfargar og treverk.
Dei to fyrste bilda her er heller kjedelege bilder som eg har kjørt gjennom denne metoden, det var vellukka sidan dei opprinneleg var ganske blasse og nedtona. 
Klikk på bilda så får du sjå dei i større versjon.

Over her viser eg to bilder før og etter. Personeleg likar eg best før-bildet, der overflata har den mjuke kjensla mot det meir skarpe hovedfokuset,
men smaken er som baken og eg anbefala deg å prøva om du er nysgjerrig på bilderedigering og korleis få best mogeleg resultat av ulike motiv.
God sundag!

lørdag 11. januar 2014

Ny tid


Forrige innlegg vart vel kanskje i både lengste og turraste laget. La oss berre sei det, me er her for å ha da morro. Alt er heilt frivillig frå alle parta, so me skuldar no kvarandre ikkje mykje meir enn vanleg god dannelse :D 


I dag har eg rydda jola ut.
Da e rein og skjer latskap frå mi sia som har lete ho vere her so lenge som dette.

 

Da vert tomt når jula fer, men det borgar også for ei ny tid. 
Eit nytt år med nye høve og opplevingar
Eg gler meg!




fredag 10. januar 2014

Dar alle tenkje likt, vert det tenkt lite


Eg var innom og las meg opp på diskusjonen som har lege og ulma i interiørbloggeriket lenge og som no har blussa opp til ein mild bris. Påstandar står mot påstandar. 
Mangfoldet er borte, bloggane er vortne like og  alle går i takt i same Shabby Chic-forakt. 
Andre svarar tilbake at det er ikkje slik, mangfaldet er ivaretatt, kun dei som ikkje er gode nok, er utelatt.

Da ville vere lett å hive seg på sin høge hest, i mitt tilfelle ein litt eldre shetlandsponny, og drøvtyggja med. At sjela er borte, at folk kjøpe seg inn i det gode selskap. Alt er vorten marknad og etterspørsel. At bloggarane berre er blasse ropekor for leverandørane. At NIB går føre og alle lograr heilt forgapte etter. Kreativiteten er borte. Motet et borte, motet til å vere seg sjølv tru, eller kanskje mest lommeboka tru, og skape interessante heima med heller begrensa midla. Med tanke på bærekraft og framtid i staden for eit voldsomt jag etter uvetig forbruk og gapaslaus sløsing med allereie så urettferdig fordelte ressursa.

Og dar røpa eg vel kanskje da som er mitt største ankepunkt i debatten. Er det ikkje rart at i ei tid som ropar til oss om å redusera forbruk, forureining og unødig energiforbruk, for framtida, miljøet, ungane våre, for alle dei andre..
så er det in å bruke uvettig mykje penga på ein pute, ein stol eller ein...Mac?
At eit miljø som faktisk er så opptatt av å vere in, praktisk talt er so ut?


Men sidan eg merka at beina tok nedi under rideturen vil eg sjå litt meir nyansert på fenomena.
 Eg føle meg veldig ugild (innhabil) om eg skal kritisere bloggarar som let seg sponsa av både det eina og da hitt, sio eg aldri sjølv har fått det høvet (med unnatak av ein noko suspekt leverandør som lova både spanande sengeleik og påfølgande dyneløfting ;) Eg trur strengt tatt ikkje at eg ville ha lete meg reve med om eg fekk tilbodet, men det kan jo eg ikkje sei det for sikkert. Da e datta me skona og dei som må gå i dei. So dei om da. 

Men eg syns at alle blogginnlegg som handla om sponsa varer er gørr kjedelege. 
Og når større og etablerte bloggarar kjem i flokk og same produkt frå same leverandør vert høglytt prisa i blogg etter blogg, må eg innrømma at eg grøssa litt og tenkjer at dei kanskje må føla seg litt lurt av levarandøren. Kanskje dei trudde dei var litt meir eksklusive ein dei faktisk var. For det er heilt klart at slike innlegg svekkar omdømet, truverde og påverkningskrafta til bloggaren både på kort og lang sikt.

Eg meinar et marknadens inntog i bloggverda har banesåra ho og ødelagt noko bra som hende her. No har dei fleste flytta til Insta, men leverandørane og keisemda føl ette der også. Facebook har lenge berre vore ein straum av reklame. Det er litt som at den frie, kreative og uavhengige sjela vert jaga frå skanse til skanse og me er no vortne veldig trøtte av alt...og mest av alt "sosiale media" som snart ikkje er meir enn reklamepausen på TV2. Det at eg nett har meld meg på eit seminar i samband med jobben som i fulle fire dagar skal ta for seg korleis marknadskreftene kan suge mest mogeleg penga ut av brukarane av desse sosiale media, seier vel sitt. 


Sett da te sides er ein faktisk delvis avhengig av marknadskreftene skal ein kunne skape stadar som NIB og bloggtreff og skaffe premiar i utfordringar ol. Mange legg uhorveleg mange timar ned i bloggen sin, og treng få noko tilbake. Så i dette er det eit dilemma. Utfordringa ligg vel kanskje mest i å ikkje blande korta for mykje. At ein er "venner" med pengane og "venner" med kjøparane er uheldig. At ein skal tene pengar  og gjere eit levebrød på venner og kjente, slik det fort kan oppfattast i den eller så "vennlege" interiørbloggeverda. Å vere klar og tydeleg, ærleg og oppriktig i omgang med pengemakta og sine eigne lesarar kan nok redde mykje, også her..


"Berre daud fisk søm med straumen"

Og så dette med at vi alle er vortne so like. Sjølv om eg eig få, eller la oss vere ærlege, ingen designklassikarar, betyr det ikkje at eg ikkje har hatt lyst til det eller drøymt om det. Hadde eg hatt ei tettare lommebok hadde nok heimen min sett ansleis ut, kanskje...Eg veit ikkje, men eg veit at eg likar å vere i det gode selskap. Eg veit at eg likar at folk likar det eg likar. Eg forstår folk som kjøper seg til same stil som dei dei beundrar. Eg forstår ynskje om å tilhøyre ei gruppe og få status og kredd. Eg har sjølv kjend på "nederlagskjensla" for at sofaen min ikkje er rette sorten eller at kjøkkenet mitt ikkje fell i smak .. Eg forstår det så altfor godt.... 

“If you are different from the rest of the flock, they bite you” 
― Vincent O'Sullivan, The Next Room

Eller ein bit kanskje ikkje her inne, men ein teier still. Og sjølv om det aldri er av vond vilje eller med noko tanke for ekskludering så vil alltid nokon kjenne seg inne, og andre ute. Å drive å kristisere kvarandre føre oss ingen veg. Alle er i allefall einige om at me bør leggje vekt på å vere oss sjølv. Å stole på vår eigen smak og våge å stå ved den. Då eg såg gjennom finalekandidatane til Vixen Awards for interiørbloggar tykkjer eg jamt da va mangfoldet som var representert der og det var kjekt å sjå. Sjølv har eg fått æra av å vere representert i galleriet til NIB oppte fleire gonga, og her finn du ikkje mykje Hay eller Khaler, belive you me.


Det eg saknar i bloggverda som fans før, er kreativitet. Kreativitet avlar kreativitet. Når ein såg alt det andre fekk til, herma ein ikkje blankt, nei ein vart kreativ sjølv. Som andre har skrive før meg, loppefunn og GDS, det å lage gull av gråstein. Det var kanskje det finaste med bloggane under Shabby-chic æraen. No er det ting som må kjøpast for pengar som er i vinden, og der fell mange frå av heilt praktiske grunna og kjenner seg derfor veldig utanfor. 
Kanskje vegen vidare kan vere litt meir av gjennbruk og litt mindre av forbruk?

“Create your own style… let it be unique for yourself 
and yet identifiable for others.” 
― Anna Wintour

onsdag 8. januar 2014

Blanke ark og fanteri på kjøkkenet


Eg skal vere ærleg
er ikkje heilt nøgd med kjøkkenet mitt for øyeblikket
har store planar
planar som kostar flesk...
derfor er dei enno berre det..
planar....


I tillegg slit eg litt med
å få Ektemannen med på
alle planane...


so i dag gjorde eg so ho Ingrid Espelid
eg fuska litt
eg slepte bort kjøkkenbordet og erstatta det med eit mykje mindre bord
for å leike meg med stor/liten kontrasten
stor lampe, stor vase....lite bord
forstår?
Så laga eg eltefritt brød, ja for å få stemninga du veit
likna meir på ei stor kjøttkake kanskje
men de får teikninga?


...fyrste sonen ropa då han kom att frå skulen..
Ka har du gjort med bordet??!!
So no er alt som før
planane og..

tirsdag 7. januar 2014

Lengt