fredag 27. februar 2015

Knekk


kan leva fint
fø da om ein leve
sunt

torsdag 26. februar 2015

Glimt frå hålo


 


ja de veit kvar de finn meg?

onsdag 25. februar 2015

Vinterferie


Skal ikkje så mykje tè
fø å kjenna da e ferie

tirsdag 24. februar 2015

Medan me ventar på Godot...









eller var det våren?

fredag 20. februar 2015

Periodeheklar


Eg e'kje nåke strikkadama eller heklekrok
eg er meir ein periodedrankar av ulikt handarbeid
ein dag får eg gjedna fø meg at eg skal brodera
då MÅ eg gjera da
te eg e nesten ferdig og trången tek av
so vert da gjedna hekling
te eg e nesten i mål med da
nett no strikka eg hue
men drøyme
om å veva
så får me sjå då...

torsdag 19. februar 2015

Sol sol sol


Som de sikkert har forstått etterkvart
så fer sola frå oss eit bel før jul
og me får ho ikkje tilbake før i slutten av januar


ofte ikkje før i februar heller, om vergudane er vrange det året
men de må tru lukka er stor
når sola endeleg smyg seg over fjellkammen
og slepp sine kjølege men dog så lysande
strålar ned til oss
som berre sit og ventar
og lengtar


detta e nok ikkje eit fenomen som gjeld for heile landet
men mange stader her vest
har mindre sol enn dei har i nord på vinteren
og me har ho ikkje heile natta om sumaren heller
i tillegg har vergudane funne ut
av ukjend grunn
at me treng meir regn enn gjennomsnittet


så det er  nok dette som gjer oss so veldig opphengt
i fyrste soldagen på nye året
å fjølgje med frå dag til dag
telje timane
ho vitjar oss


sakte men sikkert vert timane lengre
livsviljen veks
og våren
kjem nærare og nærare..

mandag 16. februar 2015

Eit katteliv


Knappen likar snjo


kjekkast av alt er når jentungen også er ute
og skrir


då e  kattelivet heilt herleg
sjølv om ho gjer seg litt te når kameraet
kjem fram...

søndag 15. februar 2015

Fastelavn

 

det vart fastelavn her i huset og
både glutefrie (lchf)
og glutenfylte :D


toppa med nydeleg ver 
og fylde med krem
godt liv må eg sei

fredag 13. februar 2015

God helg!


torsdag 12. februar 2015

Litt smågodt



 

frå drivhuset..

tirsdag 10. februar 2015

Fusk


eg har fuska litt
og håpe at da 
lønna seg

mandag 9. februar 2015

Kvardagar


Det er i kvardagen ein arbeider fram
grunnlaget for å nå dei store måla
der framme
Far min sa alltid
ikkje ta so felt i
so heldt du ut so mykje lengre
kloke ord
te ei so alltid
set i gong med stor fart og kraft
og møte veggjen i same stil

lørdag 7. februar 2015

Laurdag


Laurdag er ein herleg dag

 

va berre da eg ville sei
egentleg

onsdag 4. februar 2015

Sol ute...sol inne




tirsdag 3. februar 2015

Lenande


 

da e tirsdag og på tide med litt fleire bilder frå drivhuset



det vart so kaldt om natta at eg måtte berge blomane innatt i huset



realismen seie vel at detta va vel tidleg
men optimisten har høyrt at mildværet kjem
te helga 
:D

søndag 1. februar 2015

Vårlengt



Då resten av Norge tok ski på beina og forflytta seg opp
i høgda
brøytte eg meg veg te drivhuset


eg vaska litt og drakk litt te


nytte dei 6 minutta med sol
me har for dagen no
fordelt på to omgonga
eit heilt fjell
mellom


eg planla våren
og prøver redde perleblomen
som ikkje hadde vore ute ei vinternatt før..


prøvde å ignorere dei 10 minusgradene som
pusta kaldt inn gjennom tynne vindauge og centimeterstore gliper
i veggane


då sola skein var alt ildt gløymt


no er eg klar for ny start
på alle mogelege vis
God ny veke!