fredag 24. april 2015

Prosjekt 1 - plen


For tida held me på ute i hagen
eg har bestemt med 1 stemme mot 3
at me skal lage ny plen i år
sjølv om eg er i mindretal
vert det som eg vil
:D



plenen har slite i fleire år no
og i år orka eg ikkje kamma og gre den stusselege hentesveisen meir
plenen vår fekk ein skikkeleg trøkk for to år sidan
då den rotna på rot under snjoen som aldri ville gje seg det året


so no var det slutt
all plen rundt heile huset skal leggjast på nytt
tusenvis av steinar skal plukkast og
lass på lass med jord skal flyttast og ommøblerast
men utpå sommaren eingong
kjem etterbildene

 

og heilt ærleg
dei gler eg meg sikker meir til 
enn nokon av dykk
men fyrst
må me plukka litt meir
stein..
me snakkar jo om Hakkadalen...uren luren himmelturen
steinsrøys
steinrøys
svelt i hjel...

1 kommentar:

  1. Mye arbeid med å anlegge ny plen. Men når det er gjort. så kan du glede deg over resultatet :) Lykke til med prosjektet. God helg :)

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.