søndag 31. mai 2015

dagane som kom og gjekk

 

plutseleg var det gått ei heil ny veke
heilt ærleg veit eg ikkje kvar ho vart av
kva vetig eg har å visa for meg i det heile
etter 10 080 minuttar levd liv
ikkje mykje må eg innrømme
ekstremt løye kor minutta berre renn av gårde
som vatn i ei vårflaumd elv
fort og vilt
og spør du meg etterpå -  kvar eg var, kva eg gjorde?
ingenstad og ingening er svaret.....
eg anar ikkje kvar tida tok vegen
veit du?


mandag 25. mai 2015

Pizza på ein sundag


i dag vart det pizza
med mykje tå familien


ei fin pinse
sjølv med kulde og regn
  


eg var so heldig å få vere ein tå prøvekaninane
te ei ei yogadama


to fine morgonar med yoga
set sytet med angåande veret litt i perspektiv
for å sei det slik


og bra er det
for i morgon kjem ei ny veka
med alle himlens sluser opne...

fredag 22. mai 2015

Fin fredag!


Her rigna me vekk i dag
bildet frå tidlegare i veka
får leva på gode minne 
God helg!

torsdag 21. mai 2015

Måtte graset gro


som lukka bak do
eller korleis det var med den saka


eg skundar meg sakte
sidan varmen let vente på seg


sit og ser plenen grønkast
litt kvar dag


ugraset veks nok lystigast
nett so i livet
tenkje eg
der eg sit med kaffien og lytta...

mandag 18. mai 2015

Skynd deg sakte


Eg vil med dette innlegget kort takka alle trufaste lesarar som klikkar seg inn dag etter dag
og leitar etter nytt frå Hakkadalen


eg ville vel kanskje kategoriserer livet mitt for tida som
litt på hæla
ein kamp om å kome i mål
i tide
og utide..


hagen let vente på seg i år
sola skin, men kuldegrader om morgonane talar sitt eige språk
eg er framleis plenlaus
ikkje mykje som spirer i 5 varmegrader
og hagl


fuglane har forsynt seg friskt av grasføa også
så den vert kanskje vel luftig når den eingong kjem :D


eg prøvde å beise terassen
styrte på og fekk neglesprett i sola
det er så kaldt at den aldri tørkar skikkeleg
og no er den full i fotspor etter folk og katt
og beis fins no både ute og inne :D


men sommaren kjem
om me vil eller ikkje
så det gjeld å vere klar
så ein kan sitje lenge og nyte i sola!



søndag 17. mai 2015

Vel overstått



tirsdag 12. mai 2015

Kvileskjer



fredag 8. mai 2015

Eg er fri


og takksam for dei som streva for oss


gav livet til og med


so eg kunne leva som eg vil
God frigjeringsdag til dykk alle!

torsdag 7. mai 2015

Ein liten tur..























søndag 3. mai 2015

Å mai du skjønne milde


hittil med berre frostenetter


snart er eine delen av hagen klar
det har vore tunge tak
og hardt arbeid
men verd da håpe eg sjølsagt