søndag 31. mai 2015

dagane som kom og gjekk

 

plutseleg var det gått ei heil ny veke
heilt ærleg veit eg ikkje kvar ho vart av
kva vetig eg har å visa for meg i det heile
etter 10 080 minuttar levd liv
ikkje mykje må eg innrømme
ekstremt løye kor minutta berre renn av gårde
som vatn i ei vårflaumd elv
fort og vilt
og spør du meg etterpå -  kvar eg var, kva eg gjorde?
ingenstad og ingening er svaret.....
eg anar ikkje kvar tida tok vegen
veit du?


1 kommentar:

  1. Hvor tok tiden veien? Det er ikke alltid like godt å dokumentere.
    Denne fine tiden med blomstring av frukttrær og rhododendron og lyse kvelder. Men regnet og kulden legger en demper på det hele, og alt svinner bort i tåke...

    SvarSlett

So kjekt at du legg att eit ord. Eg legg meg da te hjarta.