søndag 30. august 2015

Når dagane flyg


Sånn går da når dagane flyg
ein fin august er snart over
3 veker med regn og ei med sol
eg hugsar berre sola
her nokre glimt

onsdag 19. august 2015

Solbær





da einaste retta i detta veret
er å plukke SOLbær


 dei smakar ganske spesielt
solfyllt og løye på ein gong
men saman med rips
vert dei verdas beste saft


Augustvarme





Litt stilt herifrå
ikkje grunna inaktivetet
men da e so fint ver
og så mykje kjekt å gjera
at eg nesten må gjera da...

fredag 14. august 2015

Norsk vegkant


på grunn av ein hobby mannen i huset driv med
vert det litt farting land og strand
her i Noreg 

 

og det som slår meg er kor vakre norske vegkantar er
før kantklippemannen i supertraktoren sin kjem vel og merke..

 

eg skulle teke bilder av alle dei fine blomane eg har sett i sommar
men de får no berre sjå dykk rundt medan de går tur
uendeleg mengder og sortar
fargar og fasongar
norsk vegkant er ein favoritt
kan konkurrere med sjølv den mest
forseggjorte hage
spør du meg..
..og her er det er ganske naturleg å trekkje ein parallel
til norsk utkant
som også skjelv litt i buksene
av kantklippemaskina
te dagens regjering...

mandag 10. august 2015

Sommar og sommar fru Blom

 

Etter å ha vore på reis ei veke
kom me heim til ein hage i full flor
i regn


innimellom byger skin sola gjennom
og då gjeld det å vere klar
med kaffikopp
og feriestemning
for dei øyeblikka er nok det vi får 
av sommar i år
Alt regnet har gjort hagen frodig
og hausten av frukter og bær
er stor
Aldri så gale
at det ikkje er godt for
noko..