søndag 14. oktober 2018

Når eg leikar med katten..

 

kan eg då vere sikker på at det ikkje er katten som leikar seg med meg?

fredag 17. august 2018

Det er den draumen



Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

O.H. Hauge

onsdag 2. mai 2018

Vår

 

Då var endeleg våren komen, sjølv om den luskar hit i slow motion..


desse bilda måtte eg heilt til Haugesund for å ta
her i dalen er plenen enno brun..
men no las eg i avisa
at våren kjem
la oss håpe det ikkje er "fake news" :)


søndag 18. mars 2018

Vinter


Vinteren dreg ut i år, våren let vente på seg
på mange vis
håpar sola kan tine da so trengs
når den tid kjem

tirsdag 27. februar 2018

Å ta munnen for full



Eg hadde ærleg tenkt å blogge litt meir. Rope inn i skogen og sjå om eg fekk svar. Men som med alle nyttårsfortsett, kom eg til kort...eller tok munnen for full...

sistnevnte ødeleg alltid mest for slankefortsetta mine når eg tenkjer meg om
jammen ikkje lett å vere perfekt i dag :)



onsdag 31. januar 2018

Tid er penger, eller tid er dei nye pengane



Tida flyg og sjølv om me nesten snjoar ned, kan me drøyma litt om vår...